Fjelltun 2000-01

Wednesday, June 28, 2006

Fem år sidan sist?

Hei alle saman!
No er det faktisk fem år sidan vi avslutta skuleåret på Fjelltun! Og endeleg er det på plass ein blogg på Fjelltuns nettside, slik at vi kan halde kontakta med alle medelevar samtidig!
Trur eg har fått snakka med alle opp til fleire gongar etter vi slutta, men kanskje har dokke andre ikkje vore like heldige?

Vel, sjansen kjem allereie i august!
På elevstemnet får vi forhåpentlig vis helse på alle saman! Inkludert ein nygift Knut Inge...
På fredagen før elevstemnet (4. august) innbyr Helga og eg til ein "pre-reuninon" heime hjå oss. Ikkje vanskeleg å finne fram... Vi bur i sokkelleiligheta på Fjelltun!!!
Hadde vore kjekt om dokke kunne komme alle, slik at vi kan få litt meir tid saman, enn berre timane laurdag og søndag :-)

Vil elles oppfordre dykk til å bruke bloggen her. Veldig grei måte å "treffe" kjentfolk på...

Henning

Thursday, June 22, 2006

Ny blogg for Fjelltun-familien

Hallo alle saman. No er det endeleg mogeleg å halde kontakta. Send inn nokre ord og eit bilete på bloggen, så kan alle få helsinga.

Send ein e-mail med adressa di, og året du var elev, og du får tilgang på di bloggside.

Hjarteleg helsing frå
Jan Helge Aarseth